Student-DEMO

Tickets

Universitetet i Bergen og NCE Media inviterer til vårens vakraste eventyr! Studentane har jobba hardt med innovasjon heile vinteren, og no kan dei endeleg visa kva dei har laga. På Student-DEMO viser me fram åtte forskjellige prototypar på nye medier og forteljingar. Det vert også stands der publikum kan prøva sjølv. Alle prototypane er laga av studentane på bachelor i medie- og interaksjonsdesign ved Universitetet i Bergen.

When

1. June.

Time: 09:45 - 12:00


What

(Talks will be in Norwegian)

Student-DEMO

Universitetet i Bergen og NCE Media inviterer til vårens vakraste eventyr! Studentane har jobba hardt med innovasjon heile vinteren, og no kan dei endeleg visa kva dei har laga. På Student-DEMO viser me fram åtte forskjellige prototypar på nye medier og forteljingar. Det vert også stands der publikum kan prøva sjølv. Alle prototypane er laga av studentane på bachelor i medie- og interaksjonsdesign ved Universitetet i Bergen.

Sted: MCB Media Lab/NCE Media, 9. etasje i Media City Bergen.
Tid: fredag 1. juni kl. 9.45 – 12.00.
Servering: kaffi, leskedrikkar, snacks.

Program

09.45: Registrering og mingling.

10.00: Velkommen ved Anne Jacobsen og Lars Nyre. Litt om vår felles utvikling av student-DEMOen, og litt om bachelorgraden ved UiB.

10.10: Prototype for bedrift. Avgangsstudentane lagar prototypar i samarbeid med praksisverksemder i Media City Bergen. Gruppene presenterer prosjekta sine, og det vert tid til spørsmål. Me presenterer fire prototypar: Klimastiftelsen med Futurise, M'Labs/Greensight med Greensite, Bergens Tidende med BT Junior, og Vimond med MAI (meta-artificial intelligence).

11.00: VR-journalistikk. Andreårsstudentane lagar journalistiske forteljingar basert på Virtual Reality-teknologi. Dei fire forteljingane varer ca. 3-4 minutt, og handlar om Narkomani, Kryonikk - å fryse seg selv ned, Schizofreni og Plast. Lars Nyre gjev fyrst ein rask introduksjon til kursopplegget, og deretter går publikum til stands der du kan oppleva dei fire VR-forteljingane sjølv, med briller og øyretelefonar. Kurset er utvikla i samarbeid med forskingsprosjektet VisMedia (NFR).

Ca. 12.00: Slutt.

PS: Gjester registreres ved inngangen til medielaben i 9. etasje i tårn 3. Ha billetten klar. :-)

Where

Media City Bergen - Media Lab
Lars Hillesgate 30
5008 Bergen

Tickets

Organizer

Universitetet og NCE Media