Vis og fortel: Suksess gjennom storytelling og teknologi

Velkomen til ei inspirerande Vis og fortel-økt i Nynorskhuset, Førde!

When

3. December.

Time: 14:00 - 15:00


What

Her får du moglegheit til å dykke ned i spennande saker frå tre ulike selskap som kombinerer kreativitet og teknologi for å skape verdi.

💡 "Supercharge" di B2B-marknadsføring
Korleis går ein frå ei innleiande produktidé, gjennom Minimum-Viable-Product (MVP), til ein vellukka go-to-market-strategi? Finst det ein quick-fix?
Ingrid Agasøster frå Synas og hennar nye kollega Lisbeth Kjøpstad Sørgård frå Frei deler erfaringar og praktiske innsikter frå arbeidet deira med å transformere idear til marknadsmoglegheiter.

💡 Visualisering som engasjerer – frå nett til trykk og TV
Everviz gir deg eit innblikk i korleis verktøya deira gjer data om til visuelt engasjerande innhald. Uansett om det er interaktive grafar på nett, i trykk, som video eller TV-grafikk, viser dei korleis visualisering kan fortelje sterke historier. I tillegg får vi ein live-demo av deira nye kartløysing.

💡 Opplæring som engasjerer og varer
BRIK kombinerer smart teknologi og nytenking for å lage opplæringsvideoar som varer. Sjå korleis dei, i samarbeid med kundar, skaper framtidas metode for kunnskapsdeling.

📍 Stad: Nynorskhuset, Førde
Dette er eit fysisk arrangement og blir ikke strauma, så møt opp for å få inspirasjon og bygge nettverk med andre deltakarar.

Bli med for å lære av ekspertane, hente idear og stille spørsmål i ei uformell og kreativ atmosfære!

Where

Nynorskhuset
Storehagen 9
Førde

Organizer

Medieklyngen